page view image

Konsert med Bukkene Bruse - Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal

Arrangementsinformasjon
event image

Ciderhuset har vore så heldige å få denne konserten til Balestrand!
Hausten 2022 kan Førdefestivalen sitt turneprosjekt VestaFolk by på konsertar med ingen ringare enn legendariske Bukkene Bruse! Dette er tre særs ettertrakta musikarar, og vi er superheldige som får til 4 konsertar i Vestland med dei i haust! (Stryn, Balestrand, Utne og Strandebarm)

Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal kom saman for fyrste gong i 1989 for å spela under opninga av BI i Sandvika kvar for seg. Sidan dei var samla, prøvde dei seg på litt samspel. Det gjekk over all forventning, og den vidare historia er eit eventyr av ei karriere.

Steinar Ofsdal var allereie ein godt etablert artist med ei rekkje utgjevingar bak seg då historien starta, men dei to ungdomane var heller ikkje uskrivne blad. Arve hadde vunne Spellemann i 1987 for plata Arvesølv og fekk oppslag på Dagsrevyen då han kom i stemmeskiftet. Annbjørg var frå tidleg alder særs dyktig og drivande på hardingfele med kappleikssigrar i fleng og med den ferske soloplata Kjellstadslåttar i kofferten.

Bukkene Bruse har gjeve ut fem album, har vunne Spellemannpris og motteke Prøysen-prisen. Trioen fekk turnéar i inn- og utland, og musikken tok dei verda rundt frå Kina til dei amerikanske sørstatane. Dei vart utnevnde som offisielle OL-musikarar for OL på Lillehammer 1994, eit oppdrag som tok dei til Atlanta, Tokyo, Barcelona og München saman med Dronning Sonja si vinterutstilling, og overalt der dei kom tok dei publikum med storm.

Det har no gått 33 år sidan dei fyrst møttest i samspel, og åra etter har vore stappfulle av musikk og ulike slags musikalske prosjekt for alle dei tre musikarane. No kjem dei til Vestland med instrumentkassene fulle av speleglede for å gjeve oss nye opplevingar med gamle låter.

Annbjørg Lien – hardingfele, nyckelharpe,
Arve Moen Bergset – kveding, fele og hardingfele,
Steinar Ofsdal – fløyter

Høyr Bukkene Bruse på Spotify her https://open.spotify.com/artist/5614oJeINf6cdpZe5XvDKJ...

Kl 18.00 Servering
3 rettars meny inkl velkomsdrikke kr 550. Bestill på post@ciderhuset.no . Meld frå om evt allergiar.

Kl 20.00 Konsert med Bukkene Bruse.

Sitat frå vår gode ven Gabriel Fliflet som også har vore heldig å få konserten til Bergen og folkemusikklubben Columbi egg i oktober: "Både Annbjørg Lien og Arve Moen Bergset var begge landskjente stjerner før de ble tenåringer, og det er det ikke mange som blir, spesielt ikke når hardingfele og kveding er grunnen til berømmelsen. Steinar Ofsdal spiller på alt av fløyter og har spilt med alle musikere og vært alle steder. Sammen har de tre bukkene beriket norsk musikkliv i 33 år."

folkemusikk
førdefestivalen
annbjørglien
bukkenebruse

Restriksjoner

Det kan bli mange bilar og det er lite parkeringsplassar ved Ciderhuset. Muleg å parkere ved Balholm, Villavegen 14.