page view image

Konsert i Høyvikhuset

SYNNØVE S. BJØRSET OG GEIR MARIUS THORUD
LAURDAG 21. MARS KL 19:00

Informasjon
event image

KONSERT I HØYVIKHUSET
SYNNØVE S. BJØRSET OG GEIR MARIUS THORUD

To svært røynde folkemusikarar har funne ut at dei har spelt for lite i lag i det siste! Dermed blir det storfint besøk til Balestrand denne laurdagen; Synnøve S. Bjørset (fele) og Geir Marius Thorud (trekkspel) spelar fin-fin gammaldans- /folkemusikk - med repertoar som dei har plukka opp og leita fram gjennom åra.

Som del av programmet blir det litt formidling om Høyvikhuset, dei som bygde huset, Eli og Ivar Høyvik og tida dei levde i her i Balestrand.

Sal av cider og snacks frå baren i samarbeid med Ciderhuset.

Synnøve S. Bjørset er folkemusikar frå Jølster. Ho er utdanna ved.Norges musikkhøgskole, spelar hardingfele og fele og har arbeidd som profesjonell musikar, komponist og produsent. Som solist har ho medverka på mange plater og spelt konsertar i inn- og utland. Ho har spelt i Majorstuen og vore musikalsk leder i Gamlebanken spelemannslag.

Geir Marius Thorud er ein aktiv folkemusikar frå Sel i Gudbrandsdalen. Han trakterar fleire instrument, men er mest kjent som spelemann på trekkspel og durspel. Thorud har vore spelemann i over 20 år og har spelt mykje til dans både på festivalar, treff og andre lag. I tillegg til å vera ein dreven dansespelmann har Thorud eit stort repertoar innan folkemusikk som er egna til konsert. Han har i tillegg til å setja opp fleire eigne konsertprosjekt vore med andre musikarar på utallige konsertar og forestillingar gjennom åra.

Hardingfela får skine med smakfullt og lekkert tonefølgje av ein feinschmecker på trekkspel. Dei sveipar innom tradisjonelt repertoar frå både Sogn, Valdres, Hardanger og Bergen. Lett nynnbare melodiar, så vel som slåttar med undarlege krumspring. Og innimellom nokre nøye utvalde svisker der både kromatikk, vibrato, og sløye glissandoar får breie seg. Dette er musikk å bli glad i - og glad av! So likar dei å fortelje litt mellom slåttane.


Restriksjoner

Aldersgrense 18 år

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.